Strengeproduksjon

På verkstaden produserer vi MOSAFINN høgkvalitets hardingfelestrenger på tradisjonell måte, med den finaste feletonen som mål. Pr. i dag lagar vi D-streng (ters) av tarm med open overspinning av sølvtråd, A-streng (kvart) av tarm, og E-streng (kvint) og understrenger av fortinna sølvstål i ulike tjukkleikar. Vi produserer også G-streng (bass) med tettspunnen sølvstreng rundt. Ved sida av den løpande strengeproduksjonen driv vi heile tida utforsking og testing for å utvikle den høge kvaliteten på strengene våre.

 

MOSAFINN strenger kan du få kjøpt i vår butikk, i tillegg til strenger av merket ”Fanitullen”.

Strengeproduksjon
Strengeproduksjon

 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no